INFO

Wannabes
Heilt frå tidleg ungdom har dei fem som utgjer Wannabes spelt til dans. I tenåra tok Erlend Styve fatt i gitaren, Cato Østlie stilte seg bak keybordet og mikrofonen, Trond Matre bles i klarinetten og saksofonen (men har no bytta desse ut med elbass), Lars Egil Sjøtun lot det stå til med feite gitarriff og song, medan Bjørne Møen dundra laus på trommesettet sitt. Sidan har dei halde seg til musikken, i alle fall som ein hobby, og no har dei samla kunnskap og speleglede i eit nystarta danseband.
Danseband utan svensktop
Men, obs, obs. Det er med ein viss skepsis karane tek dette ordet danseband i munnen sin. Det er nemleg dette med assosiasjonar. Danseband, svensktop, Vikingarna. Det er ikkje akkurat det dei drøymer om å vera.
-- Me har røtene våre i amerikansk rock og roots. Me er eit danseband, men spelar ikkje noko svenskepop, forklarer Cato Østlie innstendig, medan Trond Matre og Lars Egil Sjøtun akkompagnerer. Dei tre som stiller til intervju på vegne av orkesteret er nøgne med å understreka at svenskane sin dan-sebandtradisjon ikkje er den dei siktar etter.
Ny femtemann
Det er no om lag eitt år sidan dei fem tok til å spela saman. Alle utanom Sjøtun hadde spelt saman før, men i fjor tok dei til å prøva seg fram med den noverande besetninga. Det fungerte bra, og no har dei «formalisert» samarbeidet.
-- Ja, no er det meir formelt, som eit ekteskap, seier dei. I så fall er det eit lysteleg eitt, for latteren fylgjer det meste av det som vert sagt. Tidlegare var det bandet Sleepwalk som drog gjengen ut på felles spelejobbar. Men då Lars Egil Sjøtun, som mange kanskje hugsar frå Gjallarhorn sine glansdagar, flytta heim att til Voss, vart det også plass til han.
-- Det passa veldig bra, for me hadde eigentleg hatt tankar om å utvida besetninga. Og han kan også fungera som backup for Erlend, og han tek også ein del av vokalen, seier Cato Østlie.
Erlend Styve er den av medlemane som er mest involvert i større musikalske prosjekt, og då intervjuet går føre seg er han i Oslo med Rikskonsertane. Så litt ekstra gitar kan nok koma godt med når han har travle periodar med andre prosjekt.
Blanda repertoar
Repertoaret sitt har wannabe’ane litt problem med å konkretisera. Men dei spelar til dømes Bruce Springsteen, «god» country (dvs. den countryen dei sjølve likar), dei spelar Waterboys og norsk rock, i det heile litt av kvart. Men ikkje gammaldans..
-- Me spelar vel den musikken me likar sjølve, vert dei tre til slutt einige om. Og med både alders- og musikalske skilnader, vert nok det litt ymse. Lang fartstid har i alle fall gjeve dei fem nok materiale å henta låtar frå, og dei tilpassar både musikk og lydnivå til oppdragsgjevar sine ynske.
Debuterer på smalahovesleppet
Sånn heilt offisielt har ikkje Wannabes teke steget ut til publikum enno. Det skjer først på Smalahovesleppet, der dei skal spela til dans både fredag og laurdag.
-- Smalahovesleppet er viktig for oss, det er viktig å få vist oss fram for eit stort publikum, meiner dei. Og at dei gler seg er det ikkje mykje tvil om, og dette meiner dei også viser att når dei er på spelejobb.
-- Når du likar det du gjer, vert det speleglede av det, seier dei, og trekkjer også fram at dei har mange ulike instrument å bruka, både akustisk og elektriske.
-- Slik kan me få eit variert lydbilete, og også med to vokalistar vert det mogleg med litt meir variasjon.
Misjonen med dansebandet, er å fylla opp eit tomrom som dei meiner har eksistert i musikklivet på Voss. Eit skikkeleg danseband har vore ei mangelvare, medan det har vore nok av duoar å få tak i til dans.
-- Ein skal ikkje vera nøydd å reisa til Bergen for å få tak i eit skikkeleg band, meiner musikarane, som lett humrande prøver å få fram at det ligg ein viss ironi i namnet Wannabes.
Av Gro Prestegard Gjeraker "Hordaland"